Påmelding til SSS cup stafett Markane, 07 januar 2018.

Postet av Førde IL - Langrenn den 29. Des 2017

Påmelding innen onsdag 03.01.18.         

Utøvarar født 2005 og eldre melder seg på til Eivind: eivind.skaar@enivest.net

Utøvarar født 2006 og yngre melder seg på til Ørjan: orjan.igelkjon@enivest.net                

Skriv fødselsår og om ein ynskjer ein bestemt stilart. Lag vil vere klare til treninga torsdag 04.01.18. Førde IL langrenn ved påmeldingsansvarleg melder på lag for klubben.

Vi minner om at Markane IL inviterer til Ullsrennet lørdag 06 januar. Det er og jentesamling der lørdag-søndag for jenter 11-16 år. Førde IL langrenn håpar mange tek turen til Ullsheim denne helga. Sjå heimesida til skikrinsen for meir informasjonnog påmelding.

https://www.skiforbundet.no/so...




Vinnarane av Ribbene!

Postet av Førde IL - Langrenn den 28. Des 2017

Ribberennet 2017, vart avvikla under flotte forhold på langeland i kveld. Vinnarane av ribbene, fra Spar Amfi Førde, vart Karoline Holsen Kyte og Jon Rolf Skamo Hope. Dei var raskaste kvinne og mann i dagens renn. Gratulere! 





Resultat Ribberennet 2017

Postet av Førde IL - Langrenn den 28. Des 2017

http://live.eqtiming.com/39700...




Startliste Ribberennet 2017

Postet av Førde IL - Langrenn den 28. Des 2017

http://live.eqtiming.com/39700?search=F%C3%B8rde&focusuid=36649#contestants:139923-437355-1-


Startliste Ribberennet 2017




Ribbene er klare; er du?

Postet av Førde IL - Langrenn den 26. Des 2017


Ribbene er klare, og Ribberennet 2017 vert arrangert torsdag 28.12. Påmelding skjer via Minidrett.

Dette er eit kjekt skirenn for store og små! Det vert premiar til alle, og hovudpremie til beste kvinne og mann. Ribbene er levert av Spar Amfi Førde.

(På bilete: Kristian Årdal, Spar og Bjørn Kristian Sunde, Førde IL langrenn).




SSF- cup (karusellrenn) 2018

Postet av Førde IL - Langrenn den 22. Des 2017




Informasjonsfoldar 2017/2018

Postet av Førde IL - Langrenn den 20. Des 2017

Informasjonsfoldaren gjev ein kortfatta informasjon om klubben og aktiviteten vår. Du finn den i årets versjon her:

http://langrenn.fordeidrettsla...




Resultat frå Skandinavisk cup i Finland

Postet av Førde IL - Langrenn den 17. Des 2017

Gjøran Tefre og Torstein Bu har i helga representert Norge i Skandinavisk cup i Finland. Fredag gjekk løparane 15 km fri, laurdag var det sprint fri, og søndag 15 km klassisk. Våre løparar oppnådde følgjande resultat:

15 km frisprint fri15 km k
Gjøran Tefre1127
Torstein Bu603031

Fullstendig resultatliste finn de her: https://www.skiforbundet.no/sc...




Brukarbetaling på Langeland

Postet av Førde IL - Langrenn den 16. Des 2017

Det er flotte forhold på Langeland, og vi går forhåpentlegvis ein lang sesong i møte. Det kostar å køyre løyper, og legge til rette for aktivitet på skisenteret. Førde IL langrenn oppmodar difor alle våre medlemmer om å betale når de parkerar og nyttar løypenettet på Langeland. At folk betalar for seg er avgjerande for å oppretthalde det flotte anlegget, og tilbodet vi har på Langeland. 




Ribberennet 2017 - 28. desember kl. 18.30 og KM friteknikk 30. desember kl. 12.00.

Postet av Førde IL - Langrenn den 15. Des 2017

Det er opna for påmelding til Ribberennet 28.12.2017 kl. 18.30 https://mi.nif.no/Event#315692...

og KM friteknikk 30.12.2017 kl. 12.00  https://mi.nif.no/Event#315693...

Begge renna vert arrangert av Førde IL og går på Langeland. Alle løparar frå Førde IL som har betalt treningsavgift/medlemskontingent til Førde IL langrenn kan velje "Klubben betalar" ved påmelding. Andre Førde-løparar må betale sjølv. Vi sender purring på alt uteståande i løpet av kvelden, slik at de har høve til å betale før påmelding.




Invitasjon til førjulsrenn på Leikanger 17. desember

Postet av Førde IL - Langrenn den 12. Des 2017

SYRIL inviterer til førjulsrenn på Kleppa søndag 17. desember.

Invitasjon  og informasjon om påmelding finn de her: Førjulsrenn 2017.pdf




Dugnadslister sesongen 2017/2018

Postet av Førde IL - Langrenn den 10. Des 2017

No er dei fleste dugnadslistene for den kommande sesongen klare.

Mannskapslister til karusellrenna fnn de her: http://langrenn.fordeidrettsla...

Mannskapsliste til Ribberennet finn de her: http://langrenn.fordeidrettsla...

Mannskapslite til KM fristil finn de her: http://langrenn.fordeidrettsla...

Dugnadslite for kioskdrifta finn de her: http://langrenn.fordeidrettsla...

Gjeremålsliste med beskriving av ulike oppgåver finn de her: http://langrenn.fordeidrettsla...


Førde IL langrenn er ein klubb som er heilt avhengige av at foreldre til aktive stiller opp på dugnad for at vi skal kunne gje eit godt tilbod til dei aktive utøvarane, både sportsleg og sosialt. Vi set stor pris på all den innsats som blir lagt ned av frivillige for klubben!




Trening torsdag.

Postet av Førde IL - Langrenn den 6. Des 2017

Treninga i morgon  torsdag 7 Desember blir på langeland for 1-6 klasse kl 18-19. 

7 klasse og eldre trenar som vanleg på Sunde fra 18-20.30.

Velkommen på trening! 




Informasjon om trening torsdag.

Postet av Førde IL - Langrenn den 28. Nov 2017

Velkommen til sesongens første trening på langeland for dei yngste.                                        1-6 klasse trenar på langeland torsdag fra kl 18-19. Friteknikk.

7 klasse og eldre ynskjer å halde fram med kondisjon/styrketrening på Sunde fram til nyttår. Oppmøte kl 18. Innedelen byrjar kl 19. Du vel sjølv om du vil delta på heile økta eller berre ute eller innedelen. 




Norgescup på Gålå

Postet av Førde IL - Langrenn den 26. Nov 2017


I helga har det vore arrangert første runde i norgescupen på Gålå.

Frå Førde har mellom anna Adrian Helgheim (bilete) delteke. Som mange nok har fått med seg har også Gjøran Tefre vore i aksjon, og har som Firda skriv "slått Petter Northug " ( https://www.firda.no/sport/ski...). Resten av Førde sin tropp, og deira resultat kan de sjå i tabellen under.

klasse15 km friSprint klassisk5/10/15 km klassisk
Gjøran TefreMsr112358
Torstein BuMsr443261
Adrian HelgheimMsr123107140
Andreas Bjørvik FugleMjr6830
Inga Kårstad Skaar
K 19/2042

Fullstendig resultatliste finn de her: http://www.galaidrett.no/index...




Resultat frå Beitostølen

Postet av Førde IL - Langrenn den 20. Nov 2017

Sesongen er i gang, og under kan de sjå resultata frå våre utøvarar på Beitostølen i helga. Gjøran fekk ein fin 7. plass på sprinten laurdag!


15 km klassiskklassisk sprint15 km fristil
Gjøran Tefre46732
Tostein Bu7538
Roger Øye Pollen11294
Adrian Helgheim14899

Fullstendig resultatliste finn de her: http://www.beitoworldcup.com/b...




Sesongopning på Beitostølen

Postet av Førde IL - Langrenn den 16. Nov 2017

I helga er det klart for sesongopning med Beitosprinten på Beitostølen. Fredag skal løparane gå 10 og 15 km klassisk, laurdag er det klassisk sprint, og helga vert avslutta med 10 og 15 km fristil på søndag.

Frå Førde stiller følgjande løparar:

Gjøran Tefre

Roger Øye Pollen

Torstein Bu

Adrian Helgheim


Vi ønskjer lukke til!


http://www.beitoworldcup.com




Overnatting på BAMA Ungdommens Holmenkollrenn

Postet av Førde IL - Langrenn den 15. Nov 2017

Overnatting i høve BAMA Ungdommens Holmenkollrenn Oslo - 03.-04. februar 2018.

 

Ungdommens Holmenkollrenn er landsrenn for årsklassane 13 og 14 år i Holmenkollen (f.2005 og 2004)

 

Vi har henta inn tilbod frå Scandic Holmenkollen Park hotel  - som ligg ca. 5 min. gange i frå arrangementsområdet  og er dermed en praktisk stad å overnatte i høve dette arrangementet – i tillegg er det sosialt og kjekt om fleire bur på same staden.

 

Førde IL langrenn har mottatt følgande tilbud:

 

Vi kan tilby kr 995,- per person i dobbelt og trippelrom pr natt (fredag – søndag).

Ønskes enkeltrom er tillegget kr 300,- per natt.

Denne prisen inkluderer;

-       Overnatting

-       Frokost

-       Matpakkesmøring

-       Middag, inklusiv en drikke (saft e.l.)

-       Kornbuffet på kvelden

 

Ein er oppmoda om å gjere ein felles reservasjon -  dermed fint om dei som ynskjer overnatting

melder dette innan måndag 20.11.17. (Individuell betaling pr familie ved avreise).

 

I vinter var det totalt 14 jenter og gutar frå Førde IL langrenn som deltok på BAMA Ungdommens Holmenkollrenn – ein håpar at vi kan stille ein minst like stor tropp til vinterens arrangement!

 

Legg inn navn, antall og tlf. nr. i kommentarfeltet på facebook.




Sportsplan 2017-2018

Postet av Førde IL - Langrenn den 1. Nov 2017

Sportsplan for 2017-2018 finn de no her: http://langrenn.fordeidrettsla...




Enivest Skiskule - takk til våre sponsorar og samarbeidspartnarar!

Postet av Førde IL - Langrenn den 27. Okt 2017

Enivest Skiskule - takk til våre sponsorar og samarbeidspartnarar!

 

Enivest Skiskule vart avvikla på Langeland Skisenter og i Førde -  i perioden 12. til 15. oktober.

Det var 40 deltakarar, i alderen 11 til 15 år frå heile fylket som deltok. Gjøran Tefre frå Førde har vore prosjektleiar,

Førde IL langrenn har i samarbeid med Sogn og Fjordane Skikrins vore arrangør for Enivest Skiskule. Formålet har vore å tilby et sportsleg og sosialt tilbud til langrenns-interesserte born og ungdomar i fylket – en ynskjer vidare at dette skal bli ei årleg hending framover.

 

Saman ynskjer vi å frambringe ei takk til sponsorar og samarbeidspartnarar som gjorde Enivest Skikskule muleg:

 

Hovedsponsor:

Enivest

 

Sponsorar:

Toyota Førde

JobZone

Rekneskap Fjordane AS

Aase & Hegrenes AS

Sparebanken Sogn og Fjordane

v/ Sparebankstiftinga

  

Samarbeidspartnarar:

Scandic Sunnfjord Hotel & Spa

Erdal Sport AS

R-Profile AS  Firda

Dolly DImple`s Førde

Signes Raspekaker

 

Hovudtrenar Gjøran Tefre har følgande oppsummering:

 

Eg vil starte med å takke alle deltakarane, trenarane, støttespelarane, dugnadsgjengen, Skikrinsen og ikkje minst Førde IL langrenn. Saman skapte vi ei helg full av skiglede. Det å få sjå så mange unge lovande skiløparar saman skape kjensler av meistring, glede og utvikling var veldig inspirerande. Det var ein fantastisk gjeng som løfta kvarandre opp, støtta kvarandre og inkluderte kvarandre. Då vart det ein enkel jobb for trenarane å formidle kunnskap og instruere. Og når kost, losji og rammen ellers var gode trur eg det vart ei veldig kjekk helg for alle involverte. Eg har vertfall hatt ei av dei beste helgane i mi skikarriere til no. Sjelden blir eg så inspirert og har så mykje glede av langrennssporten som når 40 håpefulle gir gass og har det kjekt på ski saman. Derfor vil eg seie tusen takk for at eg fekk oppleve dette saman med dykk! Og eg gledar meg veldig til neste år!

 

Ellers må vi takke Brage Sunde, Kjetil Strømmen, Ola Kvisle og Geir Endre Rogn som trenarar,  Magne Faleide som bistod med transport - dugnadsgjengen som sto for servering på Langeland – samt øvrige som har bidratt – takkJ.

 

Sportsleg helsing

Gjøran Tefre

 

                                                           




Informasjon om trening

Postet av Førde IL - Langrenn den 25. Okt 2017

Trening tysdagar: 

Frammøte kl.18.00 ved Bunnpris på Bruland

Ymse intervall (elghufs) mot Hafstadfjellet

Alle må ta med stavar, refleksvest og hovudlykt

Utøvarar født 2006 og yngre må ha med foreldre/føresette

Ansvar: Eivind og Daniel


Trening søndag:

Fellestrening kl. 18.00-19.00 på Langeland

Rulleski:fristil 

Nedre aldersgrense er utøvarar født i 2005. Utøvarar født i 2006 kan også vere med, men då i følgje med vaksen.

NB! Dersom det blir kaldt i vêret og glatt i rulleskiløypa kan denne løkta bli avlyst på kort varsel. 

Ansvarleg: Yngve

Trening torsdag:

Sjå eigen post på nettsida.

Evt. endringar vert publisert på Facebook-gruppa til langrennsgruppa

Postane som vert publisert på nettsida forsvinn etterkvart nedover i arkivet. For å finne igjen postane om trening kan du klikke deg inn på fana "trening" og ei av gruppene der (førebels er ikkje dette dei reelle treningsgruppene, og all info om trening vil kunne finnast under alle 3 gruppene).





Klubbkveld på G-sport onsdag 25. oktober

Postet av Førde IL - Langrenn den 23. Okt 2017







Klubbkveld onsdag 25.oktober 2017

Erdal sport og Førde langrenn inviterer til klubbkveld 25. oktober 17.00-20.00.
Det vil vere representantar frå levrandørar av skiutstyr.
På klubbkveld er det 25% på heile butikken, unntak av elektronisk
utstyr.

Vel møtt!




Fellestrening rulleski Søndagar!

Postet av Førde IL - Langrenn den 20. Okt 2017

Oppmøte på langeland kl 18.00, treninga er ferdig ca 19.30.

Målgruppe er utøvarar født i 2005 og eldre, -yngre kan vere med men då må foresatte vere med. 

Dersom det er minusgrader/glatt vert det ikkje rulleskitrening. Alternativ trening vil då evt bli annonsert.

Velkommen på trening😊





Miljøsamling Beitostølen 24-26 November

Postet av Førde IL - Langrenn den 19. Okt 2017

Miljøsamling Førde IL Langrenn.

 

Stad: Beitostølen

Tidspunkt: 24.-26. november 2017. Avreise fredag ”etter lunsj”. Heimreise søndag ettermiddag.

Pris: Pris for overnatting er ca kr 900.- pr. person for heile opphaldet. Merk at pris kan avvike litt, avhengig mellom anna av antall påmelde. Eventuell løypeavgift må kvar enkelt dekke sjølv. Kr 50 pr.døgn i 2016. Mat og transport kjem i tillegg.

Påmelde utøvarar vert tilsendt faktura for opphaldet direkte frå Førde IL Langrenn.

Informasjon om reserverte hytter: Arena 1  http://www.bookingservice.no/i...

Arena 20 http://www.bookingservice.no/i...

Arena 23 http://www.bookingservice.no/i...

Arena 5: http://bookingservice.no/index...

Målgruppe: Samlinga er open for alle. I utgangspunktet har vi ca 40 sengeplassar, dersom det vert fleire påmeldingar enn det er sengeplassar vil ein vurdere å reservere fleire hytter.

Førebels program: 

Fredag 24. november 2017

  • Ved ankomst, økt 1: Roleg langtur friteknikk, 1t 20 min.- 1t 45min.


Laurdag 25. november  2017

          Kl. 09.00, økt 1: Roleg langtur klassisk, 1t 30min.-2t

  • Kl. 16.00, økt 2: Distansetrening friteknikk/ klassisk, 1t 30 min.-2t

Laurdag kveld samlar vi alle på den største hytta til felles måltid og hygge.

  

Søndag 26. november 2017

  • Kl. 09.00, økt 1: Roleg langtur friteknikk, 1t 30 min – 2t


Trenarar: Yngve Thorsen  m.fl.

 

Påmelding: Påmelding innan måndag 06.11.17  til: yngve.thorsen@skiforbundet.no

Påmeldinga er bindande.

Påmelde utøvarar og føresette vert tilsendt detaljinformasjon i god tid før samlingsstart.

Utøvarar under 18 år kan ikkje reise aleine. Ein vaksen kan ha ansvar for fleire barn, men det må avklarast i førekant og opplysast om ved påmelding.

Meld deg på!

Mvh

Førde IL langrenn

 

Utstyrsliste

- sengeklede/sovepose

- godt med treningsklede

- superundertøy / ullundertøy

- overtrekksklede

- handkle

- fritidsklede

- toalettsaker

- innesko

- hue, hanskar / vottar

- drikkebelte / drikkeflaske

- liten dagstursekk

- godt med sokkeskift

- fleecegensar / ullgensar

- klassisk og skøyteski med tilhøyrande stavar og sko

- skismurning

 




Open dag på Langeland laurdag 21. oktober

Postet av Førde IL - Langrenn den 18. Okt 2017

Open dag på Langeland, laurdag 21 oktober, kl 12-15.

Hei alle skivener. Set av laurdag 21 oktober. Då inviterer Førde IL Langrenn til Open dag på Langeland Ski og Fritidssenter.

-Kjøp/Sal/byte av skiutstyr – Finn fram utstyr som de ynskjer å selje, byte vekk.
-Enkle praktiske råd om skipreparering – Erdal Sport og Førde langrenn har «kurs».
-Gratis utlån av rulleski til store og små. Må ha eigne sko og stavar. Hugs hjelm.
-Aktivitetar på rulleski, med trenarar frå Langrennsgruppa.
-Sparebanken Sogn og Fjordane, vår hovudsponsor,  har stand, ma med opplæring i Vipps.
-Langrennsgruppa  serverer kaffe, saft og noko å bite i. Gratis!!!
-Kanskje nokre overraskingar til nokre av dei som kjem???
-Bli kjent med langrennsmiljøet. Styret i Langrennsgruppa vil vere tilstades.

Langrennsgruppa er opptatt av gjenbruk og miljø og håper at mange finn fram skiutstyr dei vil selje eller byte.  Ved spørsmål, kontakt Bjørn K Sunde, 47903713.

Velkommen
Førde IL Langrenn




Gratulasjonar til Langeland ski- og fritidssenter

Postet av Førde IL - Langrenn den 16. Okt 2017

Førde IL langrenn vil gratulere Langeland ski- og fritidssenter med opninga av rulleskianlegget. Vel 200 personar var til stades på den offisielle opninga i går. Vi vil også gratulere med tildeling av Skiforbundet sin anleggspris som vart utdelt i samband med opninga!

 https://www.firda.no/sport/for...




Startliste opningsrenn rulleskiløype Langeland ski- og fritidssenter sundag 15.10.2017 kl. 14.00

Postet av Førde IL - Langrenn den 15. Okt 2017

Startliste

http://live.eqtiming.no/38520?...


Live resultatservice på same lenkje.




Vipps

Postet av Førde IL - Langrenn den 13. Okt 2017

Du kan no betale med Vipps på kiosken på Langeland. Vippsnummer 130827 eller søk på Førde IL Langrennsgruppa.




Opningsrenn rulleskiløype Langeland sundag 15.10.2017 kl. 14.00

Postet av Førde IL - Langrenn den 13. Okt 2017

Lenkje til påmelding til opningsrenn rulleskiløype Langeland sundag 15.10.2017 kl. 14.00 https://mi.nif.no/Event#314008..


Påmeldingsfrist laurdag 14.10.2017 kl. 23.59.

.




I dag startar Enivest skiskule

Postet av Førde IL - Langrenn den 12. Okt 2017

Enivest skiskule startar opp i dag kl. 15.00 på Langeland med 41 påmelde deltakarar. 

For meir informasjon sjå https://www.skiforbundet.no/so...




Open dag på Langeland laurdag 21. oktober

Postet av Førde IL - Langrenn den 11. Okt 2017


«Open dag» på Langeland, laurdag 21 oktober, kl 12-15.

Hei alle skivener. Sett av laurdag 21 oktober. Då inviterer Førde IL Langrenn til «Open dag» på Langeland.

-Kjøp/Sal/byte av skiutstyr – Finn fram utstyr som de ynskjer å selje, byte vekk.
-Enkle praktiske råd om skipreparering – Erdal Sport og Førde IL langrenn har «kurs».
-Gratis utlån av rulleski til store og små. Må ha eigne sko og stavar. Hugs hjelm.
-Aktivitetar på rulleski, med trenarar frå langrennsgruppa.
-Sparebanken Sogn og Fjordane har stand, ma med opplæring i Vipps.
-Langrennsgruppa  serverer kaffe, saft og noko å bite i. Gratis!!!

Langrennsgruppa er opptatt av gjenbruk og miljø og håpar at mange finn fram skiutstyr dei vil selje eller byte.  Ved spørsmål, kontakt Bjørn K Sunde, 47903713.

Velkommen
Førde IL Langrenn




Dugnadsliste til rulleskirenn 15.10

Postet av Førde IL - Langrenn den 10. Okt 2017

Søndag 15. oktober er det klart for rulleskirenn på Langeland. Dugnadsliste til rennet finn de her:

Rulleskirenn dugnad (Monica Otternes).docx

I tillegg til rulleskirenn skal det denne søndagen vere offisiell opning av anlegget. Arrangement i samband med opninga vil føregå inne på skihytta mellom kl. 12 og 13:30. Vi oppmodar difor om at ein tek omsyn til dette!   

Den offisielle opninga vi kunne vere ei lita praktisk utfordring, med tanke på oppmøtetidspunkt for dei ulike dugnadsoppgåvene (fram til kl. 13.30). I dette tidsrommet bør ein unngå for mykje støy i skihytta/gangarealet.

Møterommet til høgre for handicapp-wc vil kunne vere «base» for dugnadspersonell i det aktuelle tidsrommet.

 

Tilpassingar: 

Start nr. delast ut  i gangen ved inngangen nede (skil av med eit bord tvers over ved trappeoppgangen). Då er garderober fortsatt tilgjengelige.

-  Inn- og utkvittering av rulleski gjerast frå smøreboden  (døra må stå open slik at det er god tilgang her)

 

 For arrangør:  Førde IL langrenn v/styret. 




Informasjon om trening i haust

Postet av Førde IL - Langrenn den 6. Okt 2017

Informasjon om treningar framover hausten  - for Førde IL langrenn:

 

Treningar frå veke 42 og fram til nyttår.

Trening på torsdagar, oppstart etter haustferien, dvs. frå torsdag 19.oktober.

 

1 og 2 klasse:

Ute ved Førdehuset torsdagar kl 18-19. Oppmøte ved muren framfor symjehallen. Kristin Burø og Ann T Kusslid er koordinator. Gruppa blir truleg delt i to.

 

3 og 4 klasse:

Ute ved Førdehuset torsdagar kl 18-19.Oppmøte på kunstgrasbana ved fotballmålet nærmast Førdehuset. Ola Sølvberg og Liv Jorunn Kleiven er koordinator. Gruppa blir truleg delt i to.

 

5 og 6 klasse:

Ute ved Førdehuset torsdagar kl 18-19. Oppmøte ved speakerbua på Førde stadion.

Koordinator Øyvind Helle og Yngve Thorsen.

 

7 klasse og eldre:

Ute/inne ved Sunde skule torsdagar kl 18-20.30. Eivind Skaar og Daniel Tormodset er koordinator.

Gruppa vil bli truleg delt i to, dette vil avheng noko av oppmøtet/deltakinga.

 

Oppmoding: alle blir oppmoda om å nytte refleksvest i samband med treningane.

 

Etter nyttår vil treningane føregå på Langeland og ski, så framt forholda tillet dette.

Påmelding: påmelding skjer via påmeldingsskjema på nettsida.

Treningsavgift for sesong 2017-18 vil bli tilsendt via Min Idrett ila. oktober månad. Som dei siste åra vil det også vere mogleg å bestille årskort parkering til Langeland til klubbpris, dvs. kr 500,- (ordinær pris er kr 750,-). Dette gjeld ved bestilling innen 30.11.17.

 

 

Vel møtt til våre aktive – og til nye som ynskjer å delta på langrennstrening




Trening med Brage Burø Sunde

Postet av Førde IL - Langrenn den 5. Okt 2017


Eg går i 3 klasse på Meråker VGS og inviterer til fellestrening tysdag 10. oktober på Langeland. Det blir rulleski, skøyting, med fokus på hurtigheit. Økta gjeld for utøvarar fødd 2002 - 2005 (7. – 10. klasse). Treninga er eit ledd i utdanninga mi i treningslære.

Vi startar treninga presis kl. 17.30, og den vil vare til ca 19.00. Håper å sjå mange av dykk, sjølv om det er haustferie. Velkommen til ei god økt. 

Helsing Brage Burø Sunde

 




Krinslagssamling Sogndal alternativ til opplegg sundag 15.oktober 2017

Postet av Førde IL - Langrenn den 4. Okt 2017

For krinslagsløparane, som har krinslagssamling i Sogndal 12. -15. oktober, er det opna for to alternativ sundag 15. oktober 2017:


Etter drøfting med trenarane på krinslaget legg vi opp til følgjande løysing:

 

  • Alt. 1. 15/10-2017: Roleg langtur beina (2-3 timar), Sogndal

  • Alt. 2. 15/10-2017: Rulleskiløp på Langeland


Løparane frå Førde vert oppmoda om å stille på opningsrennet for rulleskiløypa på Langeland sundag 15. oktober. Alle impulslagsløparar og krinslagsløparar får dekka startkontingenten og vel "Klubben betalar" ved påmelding.

Vi presiserer at "Klubben betalar" berre kan nyttast av impulslags- og krinslagsløparane frå Førde IL.





Ny påmeldingsfrist for Enivest skiskule er måndag 2. oktober

Postet av Førde IL - Langrenn den 29. Sep 2017

Påmeldingsfristen for Enivest skiskule er utvida til måndag 2. oktober. Til no er det påmeldt 36 utøvarar.

Skiskulen vi vere eit godt spostsleg tilbod til utøvarane, og i tillegg skal det vere sosialt og kjekt med mellom anna felles middagar på Sunnfjord hotell. 

Meir informasjon finn de her: https://www.facebook.com/Skisk...




Jentesamling Langeland 30. september kl. 09.00

Postet av Førde IL - Langrenn den 27. Sep 2017

Hei!

Då er vi klare for jentesamling på laurdag, det blir kjekt!

Plan for øktene:

1. økt: Rulleski skøyting. Teknikk og ulike variantar av drag/stafett.

2. økt: Ulike variantar med spenst og hurtigheit, både løp og rulleski klassisk (her går det fint med skøyteski om ein ikkje har klassisk).

 

Ta gjerne kontakt om det er behov, elles snakkast vi på laurdag. Vi er der i god tid før oppmøte for løparane.


Mvh

Ingrid

Tlf. 91 80 06 11




Deltakarliste jentesamling 30. september 2017




Trenar og foreldremøte måndag 02.10 kl. 18.15 – 19.30 i Hafstadparken.

Postet av Førde IL - Langrenn den 27. Sep 2017


Førde IL langrenn ynskjer trenarar, foreldre og andre interesserte velkomne til trenar/foreldremøte i Hafstadparken måndag 02.10.2017 kl. 18.15 - 19.30.

Trening for alle grupper startar opp i veke 42. Vi ynskjer å informere litt om våre tankar rundt treningane og sesongen 2017/2018. Mesteparten av tida vil vi bruke på å koordinere og planlegge treningane

Sakliste:

  • Velkommen v/styret.
  • Diverse informasjon v/styret.

Enivest skiskule, opning av rulleskibana 15.10, utlån av rulleski, byttedag, miljøsamling Beitostølen 24-26.11.

  • Vi deler oss i grupper/planlegging av trening.


Velkommen!




Trening med Øystein Pettersen

Postet av Førde IL - Langrenn den 25. Sep 2017

Øystein «Pølsa» Pettersen kjem til Førde på torsdag 28. september. Dette er ei opplading til Enivest skiskule i oktober, og han kjem for å halde eit foredrag på Scandic Sunnfjord Hotell.

I samband med besøket vil Øystein Pettersen også halde nokre treningar for utøvarar født i 2006 og eldre. Første økt vert torsdag kl 17, og deretter eventuelt ei ny økt kl. 0900 på fredag morgon.

Treningane er GRATIS, men ein MÅ melde seg på. Sjå lenker til påmelding og informasjon. 

Ordinær trening utgår på torsdag.

Informasjon: https://www.skiforbundet.no/so...

Påmelding: https://response.questback.com...





Tilbod om sliping av ski

Postet av Førde IL - Langrenn den 5. Sep 2017

Samarbeidspartnaren vår Erdal Sport tilbyr skislip via Bjørn Myhre:

Pris: 550 kr pluss frakt (ved 5 par eller fleire på felles sending)

Skia blir sendt frå Erdal Sport tysdag 12.9. Siste frist for levering av ski er difor måndag 11.9. Alle ski skal vere reine, og bindingar må vere tatt av.




Jentesamling Langeland laurdag 30.09.17

Postet av Førde IL - Langrenn den 4. Sep 2017

 

Førde IL langrenn ynskjer jenter født 2002 – 2005 velkommen til ei miljøsamling på Langeland skisenter.

Vi ynskjer å leggje vekt på både trening og trivsel.

Instruktørar vil vere Ingrid Narum og Andrea Skeide Bakke.

Førebels program:

09.00 – Oppmøte Langeland skisenter

09.15 – 11.00 – Første treningsøkt

11.30 – 12.30 – Varm lunsj i skihytta

12.30 – 14.30 – Pause/sosialt samvær og aktivitetar.

14.30 – 16.30 – Andre treningsøkt.

 

Utstyr:

  • Det du treng for å gå på rulleski (ski,skisko, stavar, hjelm og hanskar)

  • Joggesko og klede etter verforhold.

  • Skifteklede.

Manglar du rulleski, så gje beskjed i førekant. Vi har utstyr du kan få låne.

 

Samlinga vil vere gratis. Førde IL langrenn spanderer lunsj. Vi treng litt hjelp av foreldre  til å lage lunsj og rydde/vaske etter samlinga.

 

Påmelding på epost/sms innan torsdag28.09 til Monica Otternes. Gje og beskjed om du kan hjelpe til med matlaging/rydding.

 

monicaotternes©hotmail.com 

eller

Tlf/sms 91866557

 

Velkommen til ein kjekk dag!

 

Med helsing

Førde IL langrenn




Dugnadsliste Førde Opp

Postet av Førde IL - Langrenn den 30. Aug 2017

Her finn de dugnadsliste for Førde Opp 2. september:

Førde Opp 2017 Dugnadsliste.docx




Trening for 2005 og eldre

Postet av Førde IL - Langrenn den 30. Aug 2017

Det var trenarmøte 28. august, og der vart ein einige om følgjande økter fram til haustferien:

Torsdag 31.aug. kl 18.00 - Rulleski Langeland

(Førde Opp Laurdag 2. september)

Tysdag 5.sep. kl 18.00 - Intervall Soleide-Vie. Oppmøte "gamle sementen på Vie"

Torsdag 7.sep kl 18.00 - Rulleski Langeland

Tysdag 12.sep kl 18.00 - Intervall Hafstadfjellet. Oppmøte "Bunnpris"

Torsdag 14.sep kl 18.00 - Rulleski Langeland

Tysdag 19.sep kl 18.00 - Reset. Intervall langs Langelandsvatnet.

Torsdag 21.sep kl 18.00 - Rulleski Langeland

Tysdag 26.sep kl 18.00 - Intervall Soleide-Vie. Oppmøte "gamle sementen på Vie"

Torsdag 28.sep kl 18.00 - Rulleski Langeland.

Tysdag 2.okt kl 18.00 - Intervall Hafstadfjellet. Oppmøte "Bunnpris"

Torsdag 5.okt kl 18.00 - Rulleski Langeland.

"Haustferie - ny plan etter haustferien og trenermøte litt før".

Trenarmøte bestemte at aldersgrensa for desse øktene er utøvarar fødde i 2005. Utøvarar som er yngre er velkomne, men må då ha med foreldre.

Ikkje noko aldersgrense for å gå på rulleski! Bruk anlegget på Langeland og lag eigne grupper, som kan reise opp i lag. Er du nybegynner så bruker du stadion eller flata oppe i sprinten, til du vert tryggare.

Styret har fått ei gåve og vil investere i rulleski, som nybegynnerar kan få låne. (Meir info kjem frå styret når dette er klart).

Rulleskøyter er godt brukandes, billig og særs bra for å utvikle balanse og hurtigheit.  

Mange spennande aktiviteter kjem til å skje i haust, blant anna:

Samling med Gøran Tefre og Øystein Pettersen i slutten av september,

Enivest skiskule med JR-landslagstrenar Geir Endre Rogn og Gøran Tefre,

Offisiell åpning av rulleskianlegget 15.oktober med rulleski-skirenn, mm.

Meir info kjem på heimesida til klubben og på ski-krinsen etter kvart.


Helsing Eivind




Førde Opp 2017

Postet av Førde IL - Langrenn den 23. Aug 2017


Førde Opp vert arrangert laurdag 2 september og Førde langrenn har, som tidlegare år, ansvar for mellom anna pakking av startnummer, påmelding, utdeling av startnummer, tidtaking, vakter på toppen og anna. Vi treng dugnadsfolk denne laurdagen, og håper at de vil hive dykk rundt og melde tilbake. Gje gjerne melding om du ønskjer å vere i sekretariatet ved rådhuset, eller på toppen. Om mange melder seg blir det berre nokre timer på kvar.  Ta kontakt med Bjørn Kristian Sunde, 47903713 ved spørsmål.

For meir informasjon om arrangementet sjå https://fordeopp.no/om/




Kontingent Enivest skiskule oktober 2017

Postet av Førde IL - Langrenn den 22. Aug 2017

Deltakarkontingent for Enivest skiskule i oktober 2017 er kr. 800,- for løparar frå Førde idrettslag. Kontingent skal ved påmelding betalast til konto 3705 34 39544 Førde idrettslag - langrenn.




Foredrag med Øystein "Pølsa" Pettersen 28. september

Postet av Førde IL - Langrenn den 22. Aug 2017

Torsdag 28. september kan du få med deg foredrag med Øystein "Pølsa" Pettersen her i Førde. Det er Enivest Skiskule som er arrangør, og meir informasjon finn du på deira facebook-side.

https://www.facebook.com/event... 




Fellestrening på rulleski

Postet av Førde IL - Langrenn den 21. Aug 2017


Tysdag  22. august og torsdag 24. august vert det fellestrening på rulleski, på Langeland kl. 18.

Vel møtt!




Impulssamling med landslagstrenar Roar Hjelmeset!

Postet av Førde IL - Langrenn den 6. Jul 2017


Roar kjem til Førde måndag f.k. -10. juli.

Oppmøte til kl.18:30 på Tefre (SE-bygget) klar til rulleski fristil.

Som dei to føregåande åra deler en i to grupper: yngre (2003 - t.o.m 2005) og viderekomne (2002 -/jr./sen.)

Ca en times instruksjon på kvar gruppe, yngste først.

Vi avsluttar i klubblokala i Hafstadparken siste timen (ca. 20:30 til 21:30). Trenings-tips/ planlegging samt nytt frå landslagsmiljøet vil då stå på programmet.

Lett servering!

Noko kort varsel - og det er ferietid for mange, men det var no Roar har høve å møte oss.

Dei som er heime må dermed kjenne si besøkelsestid:-)

Utøvarar frå og med 2005 årgang samt føresette og ikkje minst trenarar - vel møtt!




Resultat Storehesten Opp rulleski 2017

Postet av Førde IL - Langrenn den 23. Jun 2017

Resultat Storehesten Opp rulleski 2017




Mannskapsliste for rulleskirenn Storehesten Opp

Postet av Førde IL - Langrenn den 16. Jun 2017

Her fnn de mannskapsliste for rulleskirennet som vert arrangert 23. juni i samband med Storehesten Opp 2017.

Mannskapsliste Storehesten opp på rulleski (1).pdf




Gjennomgang av løype rulleskirenn Storehesten Opp

Postet av Førde IL - Langrenn den 14. Jun 2017

Løypegjennomgang søndag 18.06.17.

Vi førebur oss til rulleskirennet fredag 23.06, og går saman gjennom traseen.

Oppmøte kl 11 ved kaia på Sveen i Bygstad.

Utøvarar født 2006 og eldre er velkomne til å delta.

Utøvarar født 2005 og 2006 må ha med seg føresett på rulleski eller sykkel.




Dugnadsliste Helse Førde Stafetten

Postet av Førde IL - Langrenn den 6. Jun 2017

Her finn de dugnadsliste for Helse Førde Stafetten i morgon onsdag 7. juni. Vel møtt til kjekk dugnad!

Helse Førde Stafetten 2017 Dugnadsliste.doc




Lag Helse Førde-stafetten 2017

Postet av Førde IL - Langrenn den 5. Jun 2017

Vedlagt finn de lagoppsett for Helse Førde-stafetten 2017.


Det vert gjennomgang av løypa i morgon kl. 18.00 (frammøte v/ Sjukehuset, ansv. Eivind Skår). Etappefordelinga vert drøfta i samband med gjennomgangen av løypa.


Lagoppsett Helse Førde-stafetten






Fellestrening fram til skuleslutt

Postet av Førde IL - Langrenn den 22. Mai 2017

Fellestrening fram til skuleslutt

Tysdag 23.05.17 kl. 18.00 Gamle "sementen" på Vie. Intervall Soleide/Vie. (Alternativ:400-600-1000m). God oppvarming og nedjogging.

Torsdag 25.05.17 Kr.Himmelfart. "Ikkje fellestrening, men det er Sp.bank-leikar og div løp i helg"

Tysdag 30.05.17 kl. 18.00 Reset. Intervall langs Langelandsvatnet. (Alternativ: 2-3-4-5-..min.)

Torsdag 1.06.17 kl. 18.00 Rulleski Tefre-Angedalen. Utøvarar født 2003 eller før. Urøynde eller yngre må ha med føresette på sykkel eller rulleski. Hugs hjelm, refleksvest og å gå roleg forbi hestane.

Tysdag 06.06.17. kl. 18.00 Gjennomgang av Helseførdestafetten.

Onsdag 07.06.17 Helseførdestafetten

Torsdag 8.06.17 kl. 18.00 Rulleski Tefre-Angedalen. Utøvarar født 2003 eller før. Urøynde eller yngre må ha med føresette på sykkel eller rulleski. Hugs hjelm, refleksvest og å gå roleg forbi hestane.

Tysdag 13.06.17 kl 18.00 Bunnpris Bruland. Intervall på Hafstadfjellet. (Diverse alternativ, men utangspunktet er lengre drag med elghufsing.)

Torsdag 15.06.17 kl. 18.00 Rulleski Tefre-Angedalen. Utøvarar født 2003 eller før. Urøynde eller yngre må ha med føresette på sykkel eller rulleski. Hugs hjelm, refleksvest og å gå roleg forbi hestane.

Skuleferie.....(Sommarskiskulen startar.....

Rulleskirenn i samband med Storehesten opp fredag 23.06.17

Storehesten opp 24.06.17




Trening for 2003 og eldre 18. mai

Postet av Førde IL - Langrenn den 16. Mai 2017

Torsdag 18. mai klokka 18.00 vert det rulleskitrening for utøvarar fødd i 2003 og eldre. Eventuelt yngre, eller uerfarne utøvarar må ha med seg føresette på sykkel eller rulleski. Vi går frå Tefre til Botnen i Angedalen.

Hugs hjelm, refleksvest og å gå roleg forbi hestane!




Bli med på Helse Førde-stafetten onsdag 7.juni!

Postet av Førde IL - Langrenn den 5. Mai 2017

Årets Helse Førde-stafett vert arrangert onsdag 7.juni, og Førde IL langrenn stiller som vanleg med lag på stafetten. Antal lag vil vere avhengig av antal påmelde.

Utøvarar født 2001-2002-2003 melder seg på til Yngve. Send epost til Yngve.thorsen@skiforbundet.no.

Utøvarar født 2000 og eldre melder seg på til Eivind. Send sms til 99233925.

Løypegjennomgang og lagoppsett vil bli gjennomført på fellestrening tysdag 30.05 eller torsdag 01.06. Meir informasjon om trening i mai/juni for eldste gruppe kjem snart. Oppstart torsdag 18 mai.

Påmelding innan tysdag 30.05.17




Vask av skihytta på Langeland

Postet av Førde IL - Langrenn den 21. Apr 2017


bøtte og mopp.png

Etter avslutta sesong er det både tradisjon og behov for vask av skihytta på Langeland.

Årets dugnad vert onsdag 26. april frå kl 17:30.

Arbeidet består av støvsuging, vask og anna nødvendig reinhald, og rydding av uteområdet og parkeringsplassen.

Styret i Førde IL langrenn stiller, og vi håpar at fleire har høve å bidra her – då blir jobben straks meir overkommeleg!

Etter endt dyst avsluttar vi med ein kaffikopp - vel møtt!


For dei som ikke henta premiene sine på premiefesten søndag, er det anledning til å hente dei på skihytta denne dagen (karusellrenn, skimerke og lagsmeisterskap).




Kakebakarar til premiefesten

Postet av Førde IL - Langrenn den 19. Apr 2017

boller.JPG

Det vert som vanleg ein pause med kaffi og kaker på premiefesten kommande søndag. Difor treng vi hjelp til å fylle kakebordet. Vedlagt finn de ei liste over namn som vi håpar kan bidra med dette. Det kan sjå ut som lista er lang, men erfaring frå tidlegare år har vist at skiløparar er glade i kaker :-)

Det er fritt fram om du vil ta med kake, bollar, muffins eller liknande.

Vel møtt til premie fest!

Kakebakarliste premiefest 2017.pdf




No startar orienteringssesongen!

Postet av Førde IL - Langrenn den 18. Apr 2017

Skisesongen er over for dei fleste av oss, men fortvil ikkje. Førde IL har ei aktiv orienteringsgruppe. Dei arrangerer treningsløp kvar onsdag om våren og hausten. Her er løyper tilpassa liten og stor. Flott idrett i kombinasjon med langrenn. Her er løyper for alle nivå. Orientering er ein flott familieidrett så anbefaler foreldre å vere med. Sjå link til Førde orientering: http://orientering.fordeidrettslag.no/

Første treningsløp er 19. april i Movika kl. 18.00.

https://tv.nrk.no/serie/klart-eg-kan/dksf43001116/sesong-6/episode-11




Invitasjon til premiefest

Postet av Førde IL - Langrenn den 7. Apr 2017

KM-medaljer.jpg

Tradisjonen tru vert det sjølvsagt også i år premiefest! Denne vert søndag 23. april kl. 15.30 på Scandic Sunnfjord Hotel

Program for dagen:

  • Premiering av dei som har delteke på 4 eller fleire av SSF karusellrenna

  • Premiering for lagsmeisterskap klassisk og fristil
  • Skimerke
  • Kaker og kaffi
  • Utlodding
  • Det vert trekt ut premiar for utøvarar som har delteke på samtlege 6 SSF karusellrenn
  • Det vert trekt ut permiar for dei som har vore dugnadspersonell gjennom sesongen


PS. Liste over kakebakarar blir sendt ut om kort tid.

Vel møtt!



Solid sesongavslutning av Gjøran Tefre!

Postet av Førde IL - Langrenn den 3. Apr 2017

Vi gratulerer Gjøran Tefre med ein flott sesongavslutning under Norgesmeisterskapet del 2 på Gålå. Laurdag 1. april sikra han sigeren i Norgescupen U23 etter sin knallsterke 9. plass på 50 km klassisk! Her hadde Gjøran eit godt knippe elitelandslagsløperar bak seg i mål. Torsdag 30. mars vart det som kjent også 5. plass i lagsprint i lag med klubbkamerat Torstein Bu. Flott og fortent oppslag i Firda måndag 3. april.




Resultat frå NM del 2 og norgescupavslutning for juniorar

Postet av Førde IL - Langrenn den 3. Apr 2017




Lagsprint friteknikk
5 og 10 km fri
totalt/klassevis
30 og 50 km klassiskNC finale junior skiathlon
Vetle Uhre Hammersvik M18145/1013
Gjøran Tefre M senior (U23)519/59
Ole Martin Erdal M senior161
Oddne Håvardstun Munkvold M senior (U23)291/156
Roger Øye Pollen M senior (U23)174/95
Torstein Bu M senior (U23)550/2357
Synneva Iren Kvile K17134/1418
Karoline Erdal K19/2037/7



Kiosken vert steng søndag 02.04.17

Postet av Førde IL - Langrenn den 2. Apr 2017

Det var ikkje ein einaste kunde i kiosken på lørdag. Kiosken stengde etter ca 4 timar. Det er ikkje utsikter til betre ver så kiosken vert stengd søndag og.




Siste helg med open kiosk

Postet av Førde IL - Langrenn den 1. Apr 2017

Sesongen går mot slutten. Kiosken held ope lørdag 01.04.17 og søndag 02.04.17. Den held ope i tida 11-16




5. plass til Førde IL på lagsprint i NM!

Postet av Førde IL - Langrenn den 31. Mar 2017

Foto: Gjøran Tefre og Torstein Bu (foto: Kjell Bu)

Torstein Bu og Gjøran Tefre gjekk Førde IL inn til ein knallsterk 5. plass i finalen i lagsprint under NM på Gåla i går. Gratulerer!

Fleire Førdeløparar skal i aksjon under NM-del 2 på Gåla, som også er norgescupfinale for juniorar.

I dag fredag står 5 og 10 km fri på programmet, laurdag skal seniorane gå 30 og 50 km klassisk, medan juniorløprarane avsluttar norgescupsesongen med skiathlon på søndag.


Desse er påmeldt frå Førde:

Vetle Uhre Hammersvik M 18

Gjøran Tefre M senior

Ole Martin Erdal M senior

Oddne Håvardstun Munkvold M senior

Roger Øye Pollen M senior

Torstein Bu M senior

Synneva Iren Kvile K 17

Karoline Erdal K19/20


http://www.nmgala.no/Hjem





Medlemspris for Førde IL langrenn på Erdal Sport

Postet av Førde IL - Langrenn den 31. Mar 2017

G-sport logo.jpg


Akkurat no sel G-sport Erdal Sport racingski frå Fischer, Rossignol og Madshus for 50 % av veil. pris til medlemmer av Førde IL langrenn. Tilbodet gjeld ski i butikk og varer ut veke 14.




Open kiosk søndag 26.03.17

Postet av Førde IL - Langrenn den 26. Mar 2017

Kiosken held ope i tida11:00-16:00.




Kongleskileikar lørdag 25.03 kl 12-15

Postet av Førde IL - Langrenn den 23. Mar 2017




Vår hovudsponsor, Sparebanken Sogn og Fjordane, arrangerer Kongleskileikar på Langeland, laurdag 25 mars. Langrennsgruppa er med å lage aktiviteter for ungene og då treng vi hjelp av nokre vaksne til organisering og utøvarar (14-15 år og oppover) til å vere med på aktivitetar. Dette er ein kjekk dag å vere med på og vi får gitt noko tilbake til banken.

Frammøte på Langeland, kl 10.30. Ferdig ved 15 - tida. Meld tilbake om du kan vere med.

Meld til Ørjan Igelkjøn 911 91 092

For meir info http://kongleriket.no/aktivitetar/forde/kongleskil...




Mangler personell til kiosk lørdag

Postet av Førde IL - Langrenn den 23. Mar 2017

Hvem kan ta kioskvakta på lørdag 25.03.17

Kan du så ring og avtal med Gry Aase Alnes

Tlf 90069957




Fornya samarbeidsavtale mellom Førde IL langrenn og Sparebanken Sogn og Fjordane

Postet av Førde IL - Langrenn den 21. Mar 2017

Bilete: Nøgde representantar for Sparebanken Sogn og Fjordane og Førde IL langrenn. F.v. Aleksander Dvergsdal, Arne Helgheim, Bjørn Krisitan Sunde og Irene Kjøsnes Bu


I dag vart ny hovudsponsoravtale mellom Førde IL langrenn og Sparebanken Sogn og Fjordane signert.

Kontrakten varer i tre år – frå 2017 og ut 2019.

For Førde IL langrenn er hovudsponsoravtalen med Sparebanken Sogn og Fjordane viktig – i forhold til å kunne oppretthalde gjeldande aktivitetstilbod.

Partane er gjensidig fornøgd med at ein ny langsiktig samarbeidsavtale er inngått.

Førde IL langrenn oppmodar våre medlemmar til å nytte seg av Sparebanken Sogn og Fjordane sine tenester innan bank, forsikring og eigedomsmekling.







Treningsklokke funnet 19.03.17

Postet av Førde IL - Langrenn den 19. Mar 2017

Treningsklokke funne på parkeringsplassen ved Langeland skisenter 19.03.1

Eigar får klokka att ved å kontakte Gry Aase Alnes på telefon 900 69 957




1 Kommentar

Nøkkel funnen på Langeland

Postet av Førde IL - Langrenn den 18. Mar 2017

Nøkkel

Eigar og nøkkel er gjenforent.




Resultat SSF cup finale Førde 18.03.2017

Postet av Førde IL - Langrenn den 18. Mar 2017

Resultat.pdf




Open kiosk 18.3 og 19.3.17

Postet av Førde IL - Langrenn den 18. Mar 2017


Fine forhold og stor aktivitet Lørdag i samband med finale i SSF-Cup.

Kiosken open begge dagar kl. 11-1




Startliste SSF cup finale Førde

Postet av Førde IL - Langrenn den 18. Mar 2017

http://live.eqtiming.no/35497?search=SSF+cup+final...


Startliste




SSF-cup finale og Karusellrenn nr. 4

Postet av Førde IL - Langrenn den 17. Mar 2017

Etter ein hektisk og komprimert skisesong, er det straks klart for dei to siste skirenna, som skal arrangerast på Langeland denne sesongen. I morgon, laurdag, er det finale i SSF-cupen og tysdag 21. mars vert karusellrenn nr. 4 (utsett frå tidlegare i vinter) arrangert. Begge renna vert arrangert i fristil og er opne for påmelding.

Påmelding skjer via Minidrett https://minidrett.nif.no/

Mannskapslister for dei to renna finn de her:

Karusellrenn nr 4: http://langrenn.fordeidrettslag.no/p/13915/dugnads...

SSF-cup finale: http://langrenn.fordeidrettslag.no/p/18349/mannska...




Løype og distansar karusellrenn 6-2017

Postet av Førde IL - Langrenn den 14. Mar 2017

I dag vert det renn i sprintløypa, gamle og nye. Runda er 1,97km om ein går bort i enden av flata og snur der.

Distansar:

Alle opp til og med 12år – 2km

13-14 år går 3km

15-16år går 5km

Jente/kvinner 17år og eldre 5km

Gutar/menn 17 år og eldre 10km

1.heil runde er 2km. Gamle sprinten (over brua og til enden av flata) er 1km.

2km – Ei runde

3km – Ei heil runde og ei runde i gamle sprinten

5km – To heile runder og ei runde i gamle sprinten

10km – 5 heile runder



2 Kommentarer

Karusellrenn nr. 6 - lagsmeisterskap og merkerenn 14. mars

Postet av Førde IL - Langrenn den 13. Mar 2017

I morgon vert karusellrenn nr. 6 arrangert på Langeland. Rennet er også lagsmeisterskap og merkerenn. Rennet går i fristil.

Påmelding kan de gjere via denne linken:

https://mi.nif.no/Event#311541-011

Mannskapsliste til rennet finn de her:

http://langrenn.fordeidrettslag.no/p/13915/dugnads...




Resultat frå Junior-NM i Harstad

Postet av Førde IL - Langrenn den 13. Mar 2017

Jr NM Harstad.PNG


Sju utøvarar frå Førde deltok i helga i Junior-NM på ski i Harstad. Løparane våre hadde fleire sterke resultat, som de kan sjå under. Det beste resultatet var det Vetle Uhre Hammersvik som oppnådde med ein sterk 8. plass på fredagens 15 km fristil!

Fullstendige resultatlister: https://www.skiforbundet.no/harstad/start--og-resu...

FristilKlassiskStafett (krins)
Brage Burø SundeM18653572
Vetle Uhre Hammersvik M188459
Eirik Nordeide BergM1815316097
Adrian Helgheim M19/2010710572
Andreas Bjørvik FugleM19/2014514997
Synneva Iren KvileK17271844
Inga Kårstad Skaar K18204444



Startliste SSF cup Førde 12.03.2017 kl. 12.00

Postet av Førde IL - Langrenn den 12. Mar 2017

http://live.eqtiming.no/35338?sport=2-138-277-258-...




Dugnadsliste SSF-cup sundag 12.03.2017

Postet av Førde IL - Langrenn den 11. Mar 2017

Dugnadsliste




Open kiosk 11-12.03.17

Postet av Førde IL - Langrenn den 10. Mar 2017

Kiosken held ope i tida 11-16 laurdag og søndag.

Det vert skirenn på søndag.




Junior-NM i Harstad

Postet av Førde IL - Langrenn den 9. Mar 2017


I helga går Junior-NM av stabelen i Harstad. Fredag skal det konkurrerast i 7,5 km/10 km/15 km/20 km friteknikk, laurdag er det 5 km/10 km klassisk, og søndag er det stafett. Frå Førde IL langrenn er følgjande løparar meldt på:

  • Brage Burø Sunde M18
  • Vetle Uhre Hammersvik M18
  • Eirik Nordeide Berg M18
  • Adrian Helgheim M19/20
  • Andreas Bjørvik Fugle M19/20
  • Synneva Iren Kvile K17
  • Inga Kårstad Skaar K18


Vi ønskjer lukke til!

https://www.skiforbundet.no/harstad/




SSF-cup på Langeland søndag 12.mars

Postet av Førde IL - Langrenn den 9. Mar 2017

Som nokre kanskje har fått med seg via Skikrinsen er SSF-cup Tuarennet som skulle vore arrangert i Stigedalen kommande søndag flytta til Langeland. Førde IL er ny arrangør. Rennet går i friteknikk og er opna for påmelding.

Vi meiner det er viktig at ein får arrangert dei krinsrenna som er sett opp, og er sikre på at vi skal klare det, sjølv på kort varsel. Vi er likevel avhengige av litt hjelp frå foreldre. Vi har allereie fått på plass ein del nøkkelpersonell til rennet, men vi manglar folk til mellom anna løypevakter, backup på tidtaking, innsamling av startnr/brikker, måldommar, rigg av stadion osv.

Dersom du har anledning til å hjelpe til set vi stor pris på om du sender ein sms til Magne Kjetil Berg på tlf 99241911 så snart som mogleg.

På førehand takk!


https://www.skiforbundet.no/sogn-og-fjordane/nyhet...




Årsmøte i Førde IL langrenn onsdag 15.3.2017

Postet av Førde IL - Langrenn den 8. Mar 2017


Onsdag 15.3.2017 kl. 18.30 er det årsmøte for Førde IL langrenn. Møtet skal vere på i FIL-huset i Hafstadparken. Alle medlemmer er velkomne.

Saksdokument finn de her:

Innbyding/sakliste

Årsmelding 2016

Rekneskap 2016 og budsjett 2017





Tusen takk til alle bedrifter som gav gåvepremiar til årets Kalsetrenn!

Postet av Førde IL - Langrenn den 8. Mar 2017

Tusen takk til alle bedrifter som støtta oss med gåvepremiar til Kalsetrennet 2017!





Karusellrenn nr. 5 - lagsmeisterskap og skimerkerenn - tysdag 7. mars

Postet av Førde IL - Langrenn den 6. Mar 2017

Karusellrenn nr. 5 er ope for påmelding. Rennet vert arrangert i morgon tysdag, og går i klassisk stil. Dette rennet er også lagsmeisterskap og skimerkerenn.

NB1: Legg merke til at dette er renn nr. 5. Renn nr. 4 er difor foreløpig utsett. Dette for å få gjennomført lagsmeisterskap på oppsett dato. Det er difor mannskapsliste for renn nr. 5 som gjeld.

NB2: Legg merke til at den kortaste distansen på dette rennet vert 2 km. Dette pga skimerkekrava.

NB3: Startkontigenten for dette rennet er høgare enn for dei foregåande renna, dette fordi den inkluderer karusellrenn, lagsmeisterskap og skimerkerenn.


Skimerkekrav:

skimerkekrav.doc

Mannskapsliste:

http://langrenn.fordeidrettslag.no/p/13915/dugnads...




Vinnarar av gåvepremiar på Kalsetrennet

Postet av Førde IL - Langrenn den 5. Mar 2017

Her finn de oversikt over dei heldige vinnarane av gåvepremiar på Kalsetrennet 2017. Det vil vere folk til stades både måndag og tysdag på Langeland, slik at ein kan få henta premien sin.

Tusen takk til alle verksemder som har bidrege med premiar!

Gåvepremiar 2017.pdf




Resultat frå Hovudlandsrennet 2017

Postet av Førde IL - Langrenn den 5. Mar 2017

Hovudlandsrennet gjekk på Tolga og Førdeløparane fekk følgjande resultat:


fristilsprintlangrennscrossstafett (krins)
Thristan Engebø Ullebø G15676741
Oliver Bosdal Thorsen G151701028672
Gyrid Øygard J1628707
Øystein Støfring G16237187116
Sebastian Tveit G16248236169103
https://www.skiforbundet.no/hl2017/start--og-resul...



Sterke resultat i Skandinavisk Cup

Postet av Førde IL - Langrenn den 5. Mar 2017

Gjøran og Torstein.jpg

Gjøran Tefre og Torstein Bu har i helga vore i Madona (Latvia) og gått Skandinavisk cup. Konkurransane var arrangert som ein minitour med sprint fri, 10 km klassisk og 15 km fri jaktstart. Gjøran kom samanlagt på ein sterk 5. plass og Torstein vart nr. 51.


SprintKlassiskJaktstart fri
Gjøran Tefre545
Torstein Bu156451

https://www.skiforbundet.no/sc/results/



Ein ny flott dag på Langeland!

Postet av Førde IL - Langrenn den 4. Mar 2017


I sol og strålande vintervêr har om lag 100 skiløparar frå 7 år til senior gått sonerenn for Sunnfjord i dag. Rennet vart arrangert i fristil og med fellesstart for alle klassar.

Resultatliste finn de her: Resultatliste sonerenn Sunnfjord 04.03.16.pdf

Ein stor takk går til dei som stilte på dugnad på svært kort varsel, utan dykk vert det ikkje skirenn!




Open kiosk 4-5.3.17

Postet av Førde IL - Langrenn den 4. Mar 2017

Kiosken er open både laurdag og søndag

Kl 11-16




Kalsetrennet for 45. gong - søndag 5. mars!

Postet av Førde IL - Langrenn den 2. Mar 2017

Det er meldt god vêr til helga, og forholda i skiløypene er bra. Vi vil difor arrangere turklassen i Kalsetrennet søndag 5. mars.

Sekretariatet i skihytta er ope frå kl 09:00 til kl. 13:00

Turklasse: utan tidtaking start frå kl. 09.00.

Påmelding: ved frammøte på Langeland.

Startkontingent: kr 60,–, familie kr 200,–.

Deltakarar betalar kontant ved frammøte.

Løypelengder: 11 eller 22 km


Alle som deltek får diplom, og det blir langtidspremiering for dei som har delteke fleire gongar.

Det blir trekning av deltakarpremiar for alle som deltar.

Kiosksal på skihytta

Smøreservice i smøreboden v/Erdal Sport


Velkommen til ein flott skidag på Langeland!




Hovudlandsrennet 2017

Postet av Førde IL - Langrenn den 2. Mar 2017

Kommande helg vert Hovudlandsrennet 2017 arrangert på Tolga. Dette er "NM" for 15- og 16-åringar. Fredag går løparane 5 og 7,5 km friteknikk, laurdag er det klassisk sprint/langrennscross og søndag stafett.

Frå Førde er følgjande utøvarar påmeldt:

  • Thristan Engebø Ullebø G 15
  • Oliver Bosdal Thorsen G 15
  • Sebastian Tveit G 16
  • Øystein Støfring G16
  • Gyrid Øygard J 16


Vi ønskjer lukke til!




Sonerenn for Sunnfjord - laurdag 4. mars på Langeland

Postet av Førde IL - Langrenn den 2. Mar 2017

Laurdag 4. mars vert det arrangert sonerenn for Sunnfjord på Langeland. Rennet startar kl. 12.00 og går i friteknikk. Det vert fellesstart for alle klassar. Rennet er opna for påmelding.

Mannskapsliste finn de her: http://langrenn.fordeidrettslag.no/p/25613/mannska...

Vi beklager seing informasjon om dette rennet, både når det gjeld påmelding og mannskapsliste. Dette både pga uvisse kring skiforhold fram i tid, og fråver av nøkkelpersonell denne dagen.

Førde IL langrenn ønskjer velkommen til skirenn på Langeland!




Dugnad i løypenettet på Langeland - i dag torsdag kl. 18-20.

Postet av Førde IL - Langrenn den 2. Mar 2017

For å sikre skiforholda i lysløypenettet prøver vi å få gjort ein jobb med snømåking på utsette stadar. Vi tar denne dugnaden i samband med skitreninga i kveld, og håpar då at mange av foreldrene kan bidra!

Dette vil vere viktig for å sikre forhold til å arrangere renn kommande laurdag, og også lagsmeisterskapet i neste veke.

  • Ooppmøte kl. 18.00 ved skihytta
  • Ta med eiga snøskuffe/spade og godt humør :-)
  • Oppmodar alle som har høve til å stille - då blir jobben meir overkommeleg for alle.



Resultatliste karusellrenn nr. 3

Postet av Førde IL - Langrenn den 1. Mar 2017

Resultatliste for karusellrenn nr. 3 finn de her:

Resultat Karusellrenn 3-2017.pdf




Sølv til Gjøran i U-23 NM!

Postet av Førde IL - Langrenn den 27. Feb 2017

I helga har det vore arrangert Norgescup og U-23 NM på Nannestad. Laurdag gjekk løparane sprint klassisk, og søndag stod 30 km friteknikk på programmet. Frå Førde deltok Gjøran Tefre, Oddne Håvardstun Munkvold, Roger Øye Pollen og Torstein Bu.

På søndagens tremil gjekk Førdeløparane i selskap med fleire løparar som er aktuelle til VM-femmila i Lahti neste helg, og det var såleis eit sterkt felt. Gjøran hamna her på ein sterk 7.-plass totalt, og altså med sølv i klassen U-23, der distansen også tel som NM. Gratulerer!

Alle resultata til Førdeløparar ser de nedanfor, og fullstendige resultatlister finn de her: http://kxweb.no/portal/public/showContentCategory....


SprintSprint U2330 km30 km U23
Gjøran Tefre13572
Oddne Håvardstun Munkvold1198213386
Roger Øye Pollen113774829
Torstein Bu44254223



Open kiosk 25.-26.02.17

Postet av Førde IL - Langrenn den 24. Feb 2017

Endeleg snø og opne løyper.

Kiosken er open både lørdag og søndag kl 11-16




Det blir Kalsetrenn likevel!

Postet av Førde IL - Langrenn den 23. Feb 2017

Med bakgrunn i endra snøforhold det siste døgnet er det beslutta at Førde IL langrenn vil arrangere eit alternativt Kalsetrenn i lysløpenettet på Langeland. Rennet skal gå på terminfesta dato, førstkommande søndag 26. februar frå kl. 12. Rennet vil straks bli opna for påmelding.

NB! dette gjeld konkurranseklassen.

Det er framleis ikkje tilstrekkleg snø til at rennet skal kunne arrangerast som ordinært i langløypene.

Når/dersom ein får tilstrekkelege snøforhold i langløypene vil ein sette opp eit arrangement for turklassen.

Klasseoversikt/løypelengder:

Junior/Senior: 4 rundar i 5 km-sløyfa: løypelengde: 20 km Start kl. 13:05

Klasse 15-16 år: 2 rundar i 5 km-sløyfa: løypelengde: 10 km Start kl. 13:00

Klasse 13-14 år: 1 runde i 5 km-sløyfa: løypelengde: 5 km Start kl. 12:00

Klasse 11-12 år 1 runde i 3 km-sløyfa: løypelengde: 3 km Start kl. 12:05

Klasse 10 år og y. 1 runde i 2 km-sløyfa: løypelengde: 2 km Start kl. 12:10

Vi beklager sein informasjon og dette, men det var umogleg å ta ein slik beslutning før i dag. No håpar vi at mange har lyst til å gå skirenn på søndag, og at alle hjelper til å spreie ordet, sidan vi ikkje har fått tid til noko meir omfattande annonsering!




Karusellrenn nr. 3 tysdag 28. februar

Postet av Førde IL - Langrenn den 22. Feb 2017

Karusellrenn nr. 3 blir arrangert tysdag 28. februar, og er opna for påmelding. Rennet går i klassisk stil.

Gjer vel å sjekke om du har fått oppgåver knytt til rennet http://langrenn.fordeidrettslag.no/p/13915/dugnads...





Kalsetrennet er utsett

Postet av Førde IL - Langrenn den 22. Feb 2017

Det tradisjonsrike Kalsetrennet er terminfesta til søndag 26. februar. På grunn av snøfoholda vil det ikkje vere mogleg å gjennomføre rennet denne datoen. Vi vel difor å utsette Kalsetrennet på ubestemt tid, med håp om snøforhold seinare i sesongen. Informasjon om ev. ny renndato vil bli kommunisert på nettsida vår.




Nye klubbhuer frå Erdal Sport til ungdomsgruppa

Postet av Førde IL - Langrenn den 21. Feb 2017

I helga var heile 14 gutar og jenter frå Førde IL langrenn deltakar på Bama Ungdommens Holmenkollrenn i Oslo.

Dette var fordelt med 8 gutar i G-13, 2 jenter i J-13, 1 gut i G14 og 3 jenter i J14 (årsklassar 2004 og 2003).

Utøvarane fekk i samband med arrangementet utdelt nye klubbhuer – sponsa av vår samarbeidspartnar Erdal Sport.

Utøvarane frå Førde gjorde elles mange gode prestasjonar og plasseringar – både på jente og gutesida, og dei fekk oppleve Kollen både i den velkjende tåka og i strålande solskin. Vi vonar at Kollen-helga medvirkar til påfyll av inspirasjon og motivasjon til vidare satsing på langrenn.

Om knappe to veker går Hovudlandsrennet i langrenn av stabelen på Tolga. (3.-5. mars). Då er det 15- og 16-åringane som skal ha sitt landsrenn.

Også deltakarane her vil motta dei same klubbhuene. Takk Erdal Sport!




Gode resultat på Voss!

Postet av Førde IL - Langrenn den 17. Feb 2017


Første dag av Norgescup for juniorar på Voss er unnagjort, og det med sterke løp frå fleire av våre løparar.

Mellom anna vart Vetle Uhre Hammersvik nr. 9 på 10 km friteknikk i klassen M 18 og Synneva Iren Kvile vart nr. 13 på 5 km friteknikk i klassen K 17.

Gratulerer med flotte løp og lukke til vidare i helga!

Gjengen på Voss melder elles om bra forhold i løyper av kunstsnø.

Fullstendige resultatlister finn de her:

http://www.skiforbundet.no/voss/start--og-resultat...




Ungdommens Holmenkollrenn 2017

Postet av Førde IL - Langrenn den 17. Feb 2017


I helga er det klart for sesongens store høgdepunkt for langrennsløparar på 13 og 14 år, nemleg Ungdommens Holmenkollrenn. Arrangementet går over to dagar med løp i klassisk stil laurdag, og friteknikk på søndag. Førde IL langrenn stiller med ein stor tropp i nasjonalanlegget:

Gutar 13 år:

Mathias Helgheim

Martin Espe

Thomas Tefre

Erik Alnes Litsheim

Ole Martin Nondal

Tobias Holme

Andreas Tefre

Ulrik Konstantin Nielsen

Jenter 13 år

Mali Monica Engesæter

Linnea Otternes Lundekvam

Gutar 14 år

Steffen Sjøvold Igelkjøn

Jenter 14 år

Kristina Skaflestad Hegrenes

Hedda Kleiven Eikeset

Thea Etterlid Lundekvam

Arrangøren har følgjande informasjon om smøreboder:

"Vi bruker bodene som ligger til venstre for det 3-etasjes brune huset (sett fra skistadion). Dette er de samme bodene som ble brukt i fjor.

Hver av smørebodene har inngang fra utsiden, rett bak Nordtug-sletta.

Smørebodene er tilgjengelige fra kl. 11 fredag.

Det er bord til 2 stk. profiler i hver av bodene. Bord utover dette må dere ta med selv.

I det brune huset så holder Superski til. De er en del av Bull Ski & kajakk og kan være behjelpelig med smøretips. Bull er også til stede i Holmenkollen lørdag og søndag så det er mulig å supplere med diverse ting dersom man skulle mangle noe. Det er mulig at Superski også har produkter for salg.

Det meldes om fine forhold i løypene. Det er kunstsnø i hele løypa. Det er fast underlag, i hvert fall nå."

Klubben ønskjer heile gjengen lukke til!

https://bvhif.klubb.nif.no/arrangement/uholmenkoll...




Stor tropp frå Førde til Norgescup på Voss

Postet av Førde IL - Langrenn den 17. Feb 2017

Frå i dag fredag, til søndag vert det arrangert Norgescup for juniorar på Voss. Fredag står 5 og 10 km friteknikk på programmet, laurdag er det sprint friteknikk, og helga vert avslutta med 7,5, 10 og 15 km klassisk på søndag. Frå Førde IL langrenn er desse løparane meldt på:


M 18 Brage Burø Sunde

M 18 Vetle Uhre Hammersvik

M 18 Eirik Nordeide Berg

M 19/20 Aleksander Sunde Kvile

M 19/20 Adrian Helgheim

M 19/20 Andreas Bjørvik Fugle

K 17 Synneva Iren Kvile

K 17 Ane Brekke

K 18 Inga Kårstad Skaar

Klubben ønskjer lukke til!

http://www.skiforbundet.no/voss/




Stengt kiosk 18.02.-19.02.17

Postet av Førde IL - Langrenn den 16. Feb 2017

Det er kunstsnø i 1 kilometeren og på stadion. Det var gode tilhøve på tysdag under karusellrennet.

Verutsikter lovar dårleg for den store aktiviteten på ski i helga. Vi har og mangel på personell, dette gjer at vi ikkje greier å halde kiosken open.




Dugnadslister for resten av skisesongen

Postet av Førde IL - Langrenn den 13. Feb 2017

Sjølv om sesongen så langt har vore vanskeleg med tanke på snøforhold, må vi håpe at vi får høve til å arrangere skirenn no utover seinvinteren. Mannskaplister for karusellrenn 3-6, Kalsetrennet og SSF-Cup Finalen finn de no her:

Karusellrenn: http://langrenn.fordeidrettslag.no/p/13915/dugnads...

Kalsetrennet: http://langrenn.fordeidrettslag.no/p/19334/mannska...

SSF-cup finale: http://langrenn.fordeidrettslag.no/p/18349/mannska...

Vi håpar de har forståing for at det kan verte endringar av datoar (karusellrenn 3 og 4 har foreløpig ikkje dato). Skulle det verte heilt håplaust å få arrangert lagsmeisterskap og SSF-Cup Finalen vil det også kunne vere aktuelt å flytte rennet til annan arrangørstad.

All informasjon vil bli kommunisert på nettsida/facebook så fort vi veit meir.

Informasjon om rennet i morgon (løypelenger o.l) vert kommunisert seinare i dag.




Open kiosk søndag 12.02.17 kl. 11-14

Postet av Førde IL - Langrenn den 10. Feb 2017

Det vert produsert snø i heile natt og ei tid ut over laurdag. skifigur.jpgEin tek sikte på skiforhold og open kiosk søndag.

Opningstidene i kiosken søndag vert 11:00 - 14:00






Jubileumsvandring til Hafstadfjellet fredag 17. februar

Postet av Førde IL - Langrenn den 10. Feb 2017


Det er 20 år sidan Førde fekk bystatus og det skal feirast. Jubileumshelga vert starta med ei folkevandring opp Hafstadkleiva til Hafstadfjellet.

Oppmøte fredag 17.2 kl. 18.00 ved Rådhuset.

Førde kommune stiller med 1000 faklar, men dette håpar dei at ikkje er nok, så dei ber folk om å ta med hovudlykt.

Vi veit at mange er opptekne med skirenn og andre arrangement denne helga, men for dei som har høve vil det vere ei fin oppleving å gå i fakkeltog til Hafstadfjellet!

Arrangøren har oppretta ei gruppe og eit arrangement på facebook, der de finn meir informasjon, og kan "melde dykk på". Gruppa heiter "Førde by 20 år", eller de kan finne den på linken her:

https://www.facebook.com/F%C3%B8rde-By-20-%C3%A5r-...

https://www.facebook.com/events/1752463751747850/


Her finn de innbydinga frå arrangøren:

Førde by 20 år.pdf




SSF Karusellrenn nr. 2

Postet av Førde IL - Langrenn den 10. Feb 2017

Snøkanonane går for fullt på Langeland, og vi kryssar fingrane for snarleg opning av løypa. Dersom alt går etter planen vert karusellrenn nr. 2 arrangert på Langeland førstkommande tysdag. Rennet går i friteknikk, og det er mannskapslista for renn nr. 2 som gjeld.

Rennet er ope for påmelding.

Mannskapsliste finn de her: http://langrenn.fordeidrettslag.no/p/13915/dugnads...




Frivillige til Tour des Fjords

Postet av Førde IL - Langrenn den 9. Feb 2017


Onsdag 24. mai 2017 går Tour des Fjords etappen frå Balestrand til Førde. Arrangøren melder om ein spektakulær sykkelfest med mykje moro!

For å hindre ulukker og skader på syklistar og tilskodarar er det behov for mange vakter ute i løypene. Arrangøren treng 120 vakter frå Movatnet og rundt løypa i Førde.

Førde Idrettslag er ansvarleg for å få frilvilige vakter på plass, og vi oppfordrar no dei som har mogleheit til å melde seg. Dette blir ei stor oppleving å vere med på!

Arrangøren vil komme med meir informasjon, men det er viktig for dei å vere tidleg ute for å sikre seg nok vakter.

NB! Løypevaktene må vere over 18 år.

De kan melde dykk som frivillige vakter slik:

http://tourdesfjords.no/




Tidenes beste plassering på NM-stafett!

Postet av Førde IL - Langrenn den 5. Feb 2017

NM på Lygna vart i dag avslutta med stafett. Laget frå Førde gjorde ein flott jobb, og enda på 22. plass. Dette er beste plassering nokonsinne for eit lag frå Førde!

Gjøran Tefre starta stafetten på beste vis, og veksla som nr. 4! Roger Øye Pollen gjekk andre etappe, før Ole Martin Erdal avslutta med siste etappe for Førde.

Gratulerer til dei tre utøvarane, og til Førde IL langrenn med ein godt gjennomført stafett!




Stengt kiosk 04.02 - 05.02.17

Postet av Førde IL - Langrenn den 3. Feb 2017

Det er framleis ikkje snø i anlegget og dermed ikkje grunnlag for å halde open kiosk.




NM på ski 2017

Postet av Førde IL - Langrenn den 1. Feb 2017

Torsdag 2. til søndag 5. februar går NM på ski av stabelen på Lygna. NM startar med 10 og 15 km klassisk på torsdag, og held fram med sprint friteknikk fredag og skiathlon laurdag. NM vert avslutta med stafett på søndag.

Frå Førde IL langrenn er følgjande løparar påmeldt:

Gjøran Tefre

Oddne Håvardstun Munkvold

Roger Øye Pollen

Torstein Bu


Førde IL langrenn stiller også med eit herrelag på stafetten søndag. På laget stiller Gjøran, Roger og Torstein.

Vi ønskjer lukke til!


Foto viser Gjøran og Torstein på NM i fjor.

Meir informasjon om årets NM finn de her: https://lygna2017.no/




10 nye krinsmeistrar frå Førde

Postet av Førde IL - Langrenn den 30. Jan 2017


I helga vart to av tre KM-distansar gjennomført. Sprintrennet som skulle vore arrangert i Årdal er utsett. Rennet i friteknikk, med Bjørn IL som arrangør, og rennet i klassisk med Sogndal IL som arrangør gjekk begge som planlagt i Hodlekve.

Førde IL langrenn fekk i løpet av helga 10 nye krinsmeistrar. Gratulerer til alle saman!

Foto er frå premieutdeling i klasse J13 år KM klassisk, med krinsmeister Mali Monica Engesæter på toppen av pallen. Fotograf er Merete Støfring.

KM friteknikk

J12 Johanne Støfring

G13 Erik Alnes Litsheim

J16 Gyrid Øygard

K17 Synneva Iren Kvile

G15 Thristan Engebø Ullebø

M18 Vetle Uhre Hammersvik

M19/29 Adrian Helgheim


KM klassisk

J12 Johanne Støfring

J13 Mali Monica Engesæter

M19/20 Adrian Helgheim

Menn Veteran Ola Hegrenes

G16 Øystein Støfring

K17 Synneva Iren Kvile

G15 Thristan Engebø Ullebø

J16 Gyrid Øygard

Fullstendige resultatlister finn de her:

http://www.skiforbundet.no/sogn-og-fjordane/langre...




Stengt kiosk helga 28.01 - 29.01.17

Postet av Førde IL - Langrenn den 27. Jan 2017

Det er ikkje snø i anlegget. Det er derfor ikkje grunnlag for å halde kiosken open.




Skilisens frå og med klasse 13 år

Postet av Førde IL - Langrenn den 27. Jan 2017

Vi minner om at betalt skilisens er ein føresetnad for å få starte i KM for dei som stiller i klasse 13 år og eldre.

Informasjon om skilisens finn de her

http://www.skiforbundet.no/norges-skiforbund/skili...




Krinsmeisterskap

Postet av Førde IL - Langrenn den 24. Jan 2017

Vi minner om at KM vert arrangert kommande helg, fredag 27.2 til søndag 29.2 . Fredag står friteknikk på programmet, laurdag er det sprint friteknikk, og søndag vert KM avslutta med klassisk.

Rennet som skulle vore arrangert på Sogn Skisenter fredag er flytta til Hodlekve på grunn av snøtilhøva. Resten går som planlagt.

Meir informasjon om KM og påmelding finn de her:

http://www.skiforbundet.no/sogn-og-fjordane/nyhets...

http://www.skiforbundet.no/sogn-og-fjordane/termin...




SSF Karusellrenn nr. 2 er utsett

Postet av Førde IL - Langrenn den 23. Jan 2017

SSF karusellrenn nr. 2 (fristil) er utsett på ubestemt tid, i påventa av skiføre.

Vi vil prøve å arrangere karusellrenna i den rekkefølgja dei er sett opp. Dette betyr at det kan bli vidare utsettingar for dei renna som er sett opp i februar. Det vil seie at renn nr. 2 med stilart fristil, skal arrangerast før renn nr. 3 i klassisk stil, osv.

Vi kjem attende straks vi har meir informasjon om gjennomføring av karusellrenna.




Stengt kiosk 22.01.17

Postet av Førde IL - Langrenn den 21. Jan 2017

Det er svært lite snø på Langeland. Det er ikkje snø nok til å ake i akebakken heller. I dag har kiosken halde ope til kl 1430. Det var ingen kundar. Det var lite aktivitet i heile anlegget. Dette gjer at ein vel å halde kiosken stengd i morgon.





Karusellrenn nr. 1

Postet av Førde IL - Langrenn den 16. Jan 2017

Endeleg har vi fått flotte forhold for å arrangere renn på Langeland!

I morgon tysdag 16.1 vert karusellrenn nr. 1 arrangert. Vi presiserer at dette er rennet som var sett opp førre tysdag, og at det går i klassisk stil. Det er også mannskapslista for renn nr. 1 som gjeld. Den finn de her: http://langrenn.fordeidrettslag.no/p/13915/dugnads...

Karusellrenn nr. 2 er utsett til tysdag 24.1.

Vel møtt til renn på Langeland!




Resultat frå Statoil Norgescup på Nes

Postet av Førde IL - Langrenn den 15. Jan 2017

Løparane våre har levert fleire gode resultat på Nes i Akershus i helga. Sterkast var kanskje Karoline Erdal med 7. plass i klassen K 19/20 år på løpet fredag.

Fredag 5 og 10 km friteknikk

M 18: Vetle Uhre Hammersvik nr. 27, Brage Burø Sunde nr. 57 og Eirik Nordeide Berg nr.188

M 19/20: Andreas Bjjørvik Fugle nr. 134

K 17: Synneva Iren Kvile nr. 47 og Ane Brekke nr. 60

K 18: Inga Kårstad Skaar nr. 21

K 19/20: Karoline Erdal nr. 7


Laurdag sprint klasssisk

M 18: Brage Burø Sunde nr 50, Vetle Uhre Hammersvik nr. 92 og Erik Nordeide Berg nr. 140

M 19/20: Andreas Bjørvik Fugle nr. 143

K 17: Synneva Iren Kvile nr. 72 og Ane Brekke nr. 91

K 18: Inga Kårstad Skaar nr. 41


Søndag 5, 10 og 15 km klasisk

M 18: Vetle Uhre Hammersvik nr. 70 og Eirik Nordeide Berg nr. 165

M 19/20: Andreas Bjørvik Fugle nr. 109

K 17: Synneva Iren Kvile nr. 77 og Ane Brekke nr. 95


Fullstendig resultatliste finn de her: http://www.skiforbundet.no/nes/resultater/





Norgescup for junior på Nes i Akershus

Postet av Førde IL - Langrenn den 13. Jan 2017

I helga er det Norgescup for juniorar på Nes i Akershus. Frå Førde er heile 9 utøvarar meldt på. Desse er:

  • Eirik Nordeide Berg M 18
  • Ane Brekke K 17
  • Karoline Erdal K 19/20
  • Andreas Bjørvik Fugle M 19/20
  • Vetle Uhre Hammersvik M 18
  • Adrian Helgheim M 19/20
  • Synneva Iren Kvile K 17
  • Inga Kårstad Skaar K 18
  • Brage Burø Sunde M 18

I dag fredag er det 5 og 10 km fri på programmet, laurdag er det sprint for alle klassar, og helga vert avslutta med 5, 10 og 15 km klassisk på søndag.

Informasjon om arrangementet finn de her http://www.skiforbundet.no/nes/

Vi ønskjer heile gjengen lukke til!





Karusellrenn nr. 1 er utsett til 17. januar

Postet av Førde IL - Langrenn den 11. Jan 2017

Det er ikkje forhold for å arrangere skirenn på Langeland i morgon. Karusellrenn nr. 1 vert difor utsett til tysdag 17.1.

Når det gjeld trening i morgon vil trenarane komme attende med informasjon om dette i morgon.




Karusellrenn nr. 1

Postet av Førde IL - Langrenn den 10. Jan 2017

I løpet av morgondagen - onsdag - vil det bli gjort ei endeleg vurdering av om karusellrennet som skulle vore gjennomført i kveld, kan bli gjennomført torsdag kveld (12.1).

Dersom dette ikkje let seg gjere blir rennet utsett til tysdag 17.1. Karusellrenn nr. 2 vil i tilfelle bli utsett med ei veke til tysdag 24.1.




Karusellrenn nr. 1 er utsett

Postet av Førde IL - Langrenn den 8. Jan 2017

Mildveret dei to siste dagane har tæra på forholda på Langeland, og det er per i dag ikkje mogleg å arrangere renn. Karusellrenn nr. 1, som skulle arrangerast førstkommande tysdag er difor utsett. I følgje vermeldinga er det eit håp om betre forhold mot midten av veka, og vi opnar difor for at det kan bli arrangert renn torsdag dersom forholda tilseier det. Denne avjerda vil bli tatt seinare og informasjon vil bli sendt ut.




Førdeløparar i Skandinavisk cup

Postet av Førde IL - Langrenn den 8. Jan 2017

Gjøran og Torstein.jpg

I helga har Torstein Bu og Gjøran Tefre representert Norge i Skandinavisk cup i Lahti. Laurdag var det sprint på programmet, og vi kan gratulere Gjøran med ein svært sterk 7.plass! Torstein enda på 62. plass. I dag har begge løparane gått 15 km klassisk. Torstein vart nr. 69 og Gjøran nr. 72.

Fullstendige resultatister finn de her https://www.langrenn.com/skandinavisk-cup-lahti-20...




Informasjon om stafett på Ullsheim søndag

Postet av Førde IL - Langrenn den 6. Jan 2017

Førde IL langrenn har meldt på ni lag til stafetten på søndag.

Første etappe er klassisk, andre og tredje etappe er friteknikk. Løpar nemnt først går klassisk etappe.

Start kl 12.

Felles oppmøte for Førde IL langrenn ved skihytta i Markane søndag 08.01.17 kl 10.45.

Dei påmelde laga er som følgjer:

Førde J og G 9-10 år

Andreas Lundekvam 2009

Rebekka Lundekvam 2007

Othilie Bosdal Thorsen 2008

Førde J 11-12 år

Guri Line Brekke 2005

Jenny Sølvberg 2005

Johanne Støfring 2005

Førde J og G 11-12 år

Niklas Bosdal Thorsen 2006

Elias Grimeland 2007

Maria Nordeide Berg 2006

Førde 1 J 13-16 1

Oda Grimeland

Mali Engeseter

Anne Kilnes

Førde 2 J 13-16 2

Benedikte Tveit

Thea Lundekvam

Hedda Kleiven Eikeseth

Førde 1 G 13-16 år

Oliver Bosdal Thorsen 2002

Ulrik Nielsen 2004

Øystein Støfring 2003

Førde 2 G 13-16 år

Elias Amsrud Husa 2004

Magne Aarøen 2004

Oliver Bosdal Thorsen 2002

Førde 3 G13-16 år

Sebastian Tveit 2001

Martin Espe 2004

Simon Espe 2001




Oppdaterte mannskapslister karusellrenn 1 og 2

Postet av Førde IL - Langrenn den 6. Jan 2017

Det er gjort nokre mindre endringar på mannskapslistene for karusellrenn 1 og 2. Oppdaterte lister finn de her: http://langrenn.fordeidrettslag.no/p/13915/dugnads...

Det har også komme spørsmål om datoane for dei resterande karusellrenna. Nedanfor finn de kopi av annonsa, som stod i Firda i romjula, med oversikt over alle seks renna.





Velkommen på SKItrening i morgon!

Postet av Førde IL - Langrenn den 4. Jan 2017

Beitostølen.jpg

Det er flotte forhold på Langeland og vi startar opp med trening for alle grupper der i morgon.

1.- og 2. klasse trenar kl 18.00-19.00. I morgon blir treninga i friteknikk. Denne gruppa vil halde til på og rundt stadion. Det er kjekt om nokre foreldre har på ski og kan vere med og hjelpe til. Trenarane gler seg til å leike og trene på ski!

3. og 4. klasse trenar kl 18.00-19.00, og treninga vert i friteknikk

5. og 6. klasse trenar kl. 18.30-19.30, og desse skal gå friteknikk

7. klasse og eldre trenar kl. 18.30-20.00 og desse skal gå klassisk

For dei som skal gå klassisk bør det vere enkelt å smøre med blå Swix eller liknande dersom ikkje føret endrar seg frå i dag.

Vel møtt på trening!